mandag 30. november 2009

helgen v. 48

eg ser barnefilmer og gret ganske mykje, dei er alltid så forbaska rørande, dei filmane. eg et ris og grønnsaker og frys litt, slit med sømnen og med draumane eg har når eg søv, eg bygger eit hus av trøtte dagar rundt meg sjølv, men

fyrste sundag i advent ler eg meir enn på lenge, lenge. eg ler så eg rister og kjenner haustmelankolien sleppe taket litt, og no venter eg berre på at alle dei fine folka skal bli ferdige med eksamen så me kan sjå meir til kvarandre.

så godt, så enkelt.

torsdag 5. november 2009

oktober, november

oktober var ein intens månad. blada fall av trea, og natta jobba fulltid. eg var på seminar og forelesning, las side opp og side ned på lesesalen, eg brukte mykje tid på kantinemat og kantineprat. eg skreiv ein tisiders oppgåve dagen han skulle innleverast, trykka på send ti minutter før midnatt, var så trøytt at orda glei over i kvarandre, fekk ikkje lese gjennom eller forsikra meg om at noko ga meining. eg var på fire konsertar, fire festar (og endå kunne eg kjenne meg fornuftig fordi eg sa nei til å vere med på minst like mange festar som eg var med på), ein flott quizkveld, og innom ei heil rekke utestadar og cafear. eg traff nye vener, gamle vener, nye bekjente og gamle bekjente, lot meg sjarmere av til saman fire gutar, fniste med venninnene som kom meg mykje nærare, i oktober. oktober. så langt i november (det er visst berre fem dagar) har eg mest berre sove, men og bestemt meg for å melde meg av eitt fag på universitetet, vore på eit foredrag om 1989 på litteraturhuset, dansa til skranglejazz, drukket øl på ein tilfeldig cafe på grünerløkka, vore på seminar og fått veldig mykje skryt og ein ekstra runde applaus fordi oppgåva mi var så særskildt bra, du veit, den eg skreiv på ein einaste slitsam dag i oktober. i morgon blir det øl med jentene og på sundag kjem ei anna venninne heim att, og då skal me fnisa heile kvelden og kikka etter gutane me er betatt av akkurat no. eg ringer deg i den augenblinken eg går av flyet, sa ho.

det er godt å vere barnsleg og det er godt å vere glad. eg blir 22 om nokre veker og kjenner meg verdsatt, eg har folk rundt meg som seier dei finaste ting om meg, som vil bruka tid med meg, og alt som er vondt blir mindre vondt. me greier oss. det er sant det dei seier om at alt blir bra til slutt.