tirsdag 27. oktober 2009

me kan vere så mangt, men

ikkje lukkelege no,

fine dagar ligg bak meg og framføre meg, men
denne augenblinken
er håplaus, eg har vondt i ryggen, i magen,
ein skulle ønskja ein kunne skrike slik at noko av det kom ut,
på utsida
release me
eg er kald på hendene, og det får meg til å tenke på at nokon greip dei og sa det,
men eg hugser ikkje kven det var
det kan ha vore så mange
men eg håper det var deg
eg lager meg kakao og tenkjer, tenkjer
eg har så vondt i ryggen,

eg drømte at eg møtte meg sjølv som baby
eg følte stor kjærleik og ga meg sjølv ein mjuk klem,
men eg greide ikkje løfte meg sjølv, eg var umogleg å bere
eg tenkte på alle borna eg har løfta utan problem, dei mykje større borna,
men eg kunne ikkje løfte meg sjølv, eg blei tyngre og tyngre og eg forstod
ingenting
ingenting
og no er eg vaken og kan framleis ikkje bere meg,
slik er det no

slik er det no

søndag 11. oktober 2009

under ein rød måne

er me så små
at me kan klora oss fast i sprekkene som danner seg i punktumet
er me så små
at me kan sitja i mørket og tru at me kan ønska oss større
byrja kvar dag som fingre og sno oss ut
i tomme rom

eg kan seie at eg snakker for mykje, eg kan seie at eg ler for høgt, eg kan seie at eg tek handa di fordi eg er kald, eg seier

me kan springe gjennom veggar

tirsdag 6. oktober 2009

hausten kjem åleine

oktober er eit islag under huda,
ein mangel på fotfeste -

eg står midt i dette eventyret som er grått og kvit og under vatn,
oslo opner seg opp som ein svolten ulv og spyr raude blad over gatene me går gjennom, på nattestid -
eg veit ikkje veien vidare,
eg kler meg i den svarte jakken og dei raske føtene,
den løyndosmfulle hjernen,

mellom hans fingre og mi hud
er ein naken himmel