tirsdag 27. oktober 2009

me kan vere så mangt, men

ikkje lukkelege no,

fine dagar ligg bak meg og framføre meg, men
denne augenblinken
er håplaus, eg har vondt i ryggen, i magen,
ein skulle ønskja ein kunne skrike slik at noko av det kom ut,
på utsida
release me
eg er kald på hendene, og det får meg til å tenke på at nokon greip dei og sa det,
men eg hugser ikkje kven det var
det kan ha vore så mange
men eg håper det var deg
eg lager meg kakao og tenkjer, tenkjer
eg har så vondt i ryggen,

eg drømte at eg møtte meg sjølv som baby
eg følte stor kjærleik og ga meg sjølv ein mjuk klem,
men eg greide ikkje løfte meg sjølv, eg var umogleg å bere
eg tenkte på alle borna eg har løfta utan problem, dei mykje større borna,
men eg kunne ikkje løfte meg sjølv, eg blei tyngre og tyngre og eg forstod
ingenting
ingenting
og no er eg vaken og kan framleis ikkje bere meg,
slik er det no

slik er det no

2 kommentarer: