mandag 30. november 2009

helgen v. 48

eg ser barnefilmer og gret ganske mykje, dei er alltid så forbaska rørande, dei filmane. eg et ris og grønnsaker og frys litt, slit med sømnen og med draumane eg har når eg søv, eg bygger eit hus av trøtte dagar rundt meg sjølv, men

fyrste sundag i advent ler eg meir enn på lenge, lenge. eg ler så eg rister og kjenner haustmelankolien sleppe taket litt, og no venter eg berre på at alle dei fine folka skal bli ferdige med eksamen så me kan sjå meir til kvarandre.

så godt, så enkelt.

3 kommentarer:

  1. kjære kjære deg

    det er advent, eg har levert eksamen i dag, eg skreiv 2500 ord i går, det er desember snart, håper haustmelankolien dreg til helv** og at det blir lys, meir en eit advenstlys, mange mange små lys kvar dag!

    SvarSlett
  2. åh, så fint det hørtes ut :)

    SvarSlett
  3. Li**, du er best (i test)!

    marita, så koseleg at du har vore innom her og lese :)

    SvarSlett